Vekst Ørskog AS er ei produksjonsbedrift i Ørskog kommune som har til hensikt å skape og gi eit arbeidstilbod til personar som treng varig tilrettelagt arbeid.

Formål: Vi har i dag 15 VTA-plasser (Varig Tilrettelagt Arbeid) og vi er leverandør av velferdstenester til både NAV og kommune. Vi er ei ISO sertifisert bedrift gjennom standarden 9001:2008.
Arbeidet er tilpassa vår arbeidskraft og våre arbeidstakarar får tilrettelagt arbeidet slik at dei kan jobbe mest mogleg sjølvstendig.

På denne måten skapar vi meiningsfulle dagar og utvikling av menneska som arbeider her.

Produksjon og tenester: Vekst Ørskog tilbyr tenester både innan møbel, metall, miljø, montering og utearbeid for bedrifter + ein rekke andre ulike oppdrag.

Vi har godt med utstyr, maskiner og fagkompetanse innan våre områder. Vi har konkurransedyktige prisar og tilbyr god kvalitet på varene/tenestene vi leverer til våre kundar.

Vi er underleverandør til fleire kjente bedriftar innan møbel, offshore, vindusventilar, transport og miljø.