Før blei vi gjerne omtalt som «verna verksemd». Det er noko vi ikkje kjenner oss att i. Sjølv om vi får økonomisk tilskot frå NAV og frå kommunebudsjettet, har verksemda vår aldri vore verna.

Som underleverandør til industrien må vi konkurrere på dei vilkår industrien krev. Både når det gjeld leveranse til rett pris, men ikkje minst, vi må levere «rett vare i rett mengde til rett tid» med strenge kvalitetskrav.

Vi har dyktige fagfolk på alle produksjonseiningar og ein svært godt rusta maskinpark til dei fleste oppdrag. Vi arbeider tett i lag med oppdragsgivar når det gjeld produktutvikling og produkttilpassingar. Vi satsar på kunnskap på fleire plan og det å kunne tilby arbeid og arbeidskraft tilpassa etterspurnad i marknaden til ei kvar tid.